Mann mista førarkortet etter å ha kjørt i 120 i Ryfast

MISTA LAPPEN: Ein mannleg bilførar mista sertifikatet etter å ha kjørt over fartsgrensa i Ryfylketunnelen. Politiet varslar mange kontrollar i den undersjøiske tunnelen framover.

MISTA LAPPEN: Ein mannleg bilførar mista sertifikatet etter å ha kjørt over fartsgrensa i Ryfylketunnelen. Politiet varslar mange kontrollar i den undersjøiske tunnelen framover. Foto:

Politiet opplyser på Twitter klokka 21.26 at ein førar som kjørte gjennom Ryfylketunnelen i 120 kilometer i timen torsdag kveld, fekk førarkortet beslaglagt.

DEL

– Mannen var i 20-åra og samtykka i beslaget, fortel operasjonsleiar hos politiet i Sør-Vest, Helen Rygg Ims, til Strandbuen.

Mannen blei tatt i samband med at utrykkingspolitiet hadde kontroll.

– Me kjem til å ha mange kontrollar i Ryfylketunnelen i tida framover, fordi folk tenker at det ikkje er fartsmålarar i tunnelen og då vil prøva seg litt. Derfor har me tenkt å vera til stades, slår operasjonsleiaren fast.

Artikkeltags