Utsetjinga av forskotsskatten roar frisøren June Sølvi

June Sølvi Bjørheim (43) driv frisørsalong heime i Bjørheimsbygd og var litt uroa med tanke på at forskotsskatten skulle ha blitt betalt inn nå. Regjeringa sine tiltak for å hjelpa næringslivet gjennom koronasituasjonen gjer ting enklare for frisøren.