Velta tre stenger Fiskåvegen ved Høyland

DEL

Den sterke vinden fredag ettermiddag har blese over ende eit tre ved Høyland mellom Vervik og Fiskå.

Ifølgje meldingar Strandbuen har mottatt, er det eit stort tre som har velta med rot og det heile, så det kan ta tid å fjerna det.

Ein innringar fortel at det står fleire bussar og trailerar og ventar på å koma seg forbi treet.

Artikkeltags