Fekk medalje etter 70 år: Heidra for Tyskland-teneste

FORTENT HEIDER: Kåre Hjorteland fekk medaljane utdelte av Heimevernet sin områdesjef Tor Øyvind Lunde (til høgre) og troppssjef Eskil Nerheim. Ordførar Bjørn Laugaland deltok også på seremonien.

FORTENT HEIDER: Kåre Hjorteland fekk medaljane utdelte av Heimevernet sin områdesjef Tor Øyvind Lunde (til høgre) og troppssjef Eskil Nerheim. Ordførar Bjørn Laugaland deltok også på seremonien.

Artikkelen er over 1 år gammel

Leif Kåre Hjorteland (91) frå Jøsenfjorden fekk i helga medaljar for sin innsats i Tysklandsbrigaden for 70 år sidan.

DEL

Norge har delteke i mange militære opersasjonar over heile verda. Aller flest internasjonale veteranar er det etter norske soldatar sin innsats for å stabilisera situasjonen i Tyskland i åra etter andre verdskrig. Den norske Tysklandsbrigaden stod under norsk administrasjon og jurisdiksjon, men var underlagd britisk operativ kommando.

I seinare år har mange av dei gjenlevande soldatane frå Tysklandsbrigaden fått velfortent heider og synlege prov på at dei deltok i operasjonen i Tyskland seint på 1940-talet.

TO MEDALJAR: Kåre Hjorteland fekk medaljar av både Forsvarssjef og veteranforbund for tenesta han utførte i 1949.

TO MEDALJAR: Kåre Hjorteland fekk medaljar av både Forsvarssjef og veteranforbund for tenesta han utførte i 1949.

Leif Kåre Hjorteland var soldat i Tyskland som 21-åring i 1949. I august i fjor blei han tildelt Forsvarets medalje for internasjonale operasjoner og Tysklandsbrigadenes veteranforbunds medalje.

Medaljane blei overrekte til Kåre Hjorteland i helga.

Artikkeltags