«Vidareføringa av riksveg 13 må starte med tunnel frå Solbakk, istadenfor frå Strandastøa»

UTANOM TAU: Asle Krogevoll (KrF) meiner ny R13-trase skal gå utenom Tau.

UTANOM TAU: Asle Krogevoll (KrF) meiner ny R13-trase skal gå utenom Tau. Foto:

Av
DEL

MeningerKommunestyret i Strand er invitert til å koma med innspel vedr. Rv -13 i Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2033. Desse vert gjevne i kommunestyre møte no på onsdag (sak 028/20).

Rådmannen har sett fram eit godt forslag til vedtak i saka. Etter mitt syn bør ein også legge til eit tilleggspunkt om utarbeiding av alternativ Rv trase for strekningen Solbakk –Vatne utanom Tau. Vil her grunngje kvifor eg meiner dette tilleggspunktet bør vere med.

Har i mange år vore oppteken av dette gjennom lesarinlegg og som tidlegare kommunestyrerepr. Har då m.a. foreslått tunnel Solbakk – Tjøstheim, og ny Rv høgt i Tjøstheimlia fram til Vatne (S.A. 11/12-2012)

S.A. har vidare ein artikkel om saka 18/1-2018. Her går ein for tunnel mykje større del av strekninga Solbakk – Vatne, noko som er endå betre m.o.p. jordvern og reduserte inngrep i naturen.

Har i den seinare tid vore noko debatt over temaet m.a. i Strandbuen. Her står Snorre Walde (Bygdelista) og Alf Henning Heggheim på kvar si side når det gjeld syn på framtidig trase for Rv -13 i området .

Snorre meiner trase utanom Tau vil vere sjølvmord for Tau. Er etter mitt syn å ta alftor hardt i! Utarbeiding av ny trase vil ta mange år, og Tau vil då vere godt etablert med den kreativiteten ein ser i området!

Er samd i det meste med Alf Henning her, men vidareføringa må starte med tunnel frå Solbakk, istadenfor frå Strandastøa, for sparing av dyrka jord og skjerming av trafikk for eksisterande bustader og flotte framtidige bustadområde i området Strandastøa –Solbakk.

Viktig å jobbe langsiktig strategisk for å få dette realisert. Ved å få inn dette tilleggspunktet no, vil sentrale myndigheter vere førebudde på oppfølgjing ved neste rullering av NTP.

Vi treng politikerar som vågar å ta notidig belastning ved å fremje gode langsiktige forslag til gode for vår eigen og komande generasjonar!

Fordeler ny Rv- trase Solbakk –Vatne:

- langt større trafikksikkerhet for Tauområdet

- sikker/-effektiv trafikkavvikling, tidsbesparande samanlikna med dagens snitthastighet på 50-60 km/t frå Vatne –Solbakk

- kortare reisetid for arbeidsfolk /-næringsliv.

- må sjå dette i samanheng med Årdalstunnelen som alt ligg inne NTP

- naturleg forlenging av Ryfast

- steg i oppkopling mot E-134 i Røldal for effektiv trafikkavvikling austover

- trafikkskjerming for eksisterande -/nye bustader og befolkning generelt.


Artikkeltags