Gå til sidens hovedinnhold

Viglesdalsløpet for 37. gong: Væpna med startpistol, fruktsuppe og lappar

Artikkelen er over 1 år gammel

Til helga er komiteen for Viglesdalsløpet klare til å senda folk av garde på den 14 kilometer lange turen til Viglesdalen endå ein gong.

Turløpet frå Nes i Årdal til Viglesdalen og tilbake er i vinden etter å ha eksistert i ein halv mannsalder. I fjor var det 173 deltakarar på startstreken. Det var meir enn 70 fleire enn året før. 45 av dei 173 som deltok var med i løpsklassen. Dei andre gjekk den flotte turen langs Storånå, fossane og Viglesdalsvatnet.

– Det som gleda oss aller mest i fjor var at det var heile 70 nye namn på lista over deltakarar. Det lovar godt når så mange er med for første gong, seier Anita Husøy Riskedal i Hjelmeland IL sin komité for løpet.

– I fjor var Viglesdalsløpet inne på terminlistene for terrengløp for første gong. Det gjorde at me også fekk mange fleire, sterke løparar som deltok i løpsklassen, legg Lene Karin Egeland Kyllesø til.

Noko av spenninga med Viglesdalsløpet er om nokon klarer den tøffe timesgrensa. I fjor vann Tom Erik Halvorsen med tida 1.00,34. Tidlegare har Johnny Skår frå Jørpeland vore endå 15 sekund nærare. Hans bestetid på 1.00,19 står framleis.

– Me har som vanleg ein gjæv premie til førstemann under timen, seier arrangørane.

– Kva kan de elles lokka med om nokon vurderer å delta i Viglesdalsløpet?

– Fruktsuppe i Viglesdalen, lappar og kaffi på Nes og ein fin tur. Dei som ikkje har sett den nye turisthytta i Viglesdalen kan jo få gjort det i helga. Og så er det sjølvsagt lov å berre vera publikum i målområdet på Nes, seier kvinnene i komiteen.

Kommentarer til denne saken