Viglesdalsløpet for 37. gong: Væpna med startpistol, fruktsuppe og lappar

LØP I MEDVIND: Pila peikar innover dalen mot Nes og Viglesdalen. Komiteen er klare for det 37. Viglesdalsløpet. Frå venstre Henny Bergeland, Lene Karin Egeland Kyllesø, Aud Ullestad og Anita Husøy Riskedal.

LØP I MEDVIND: Pila peikar innover dalen mot Nes og Viglesdalen. Komiteen er klare for det 37. Viglesdalsløpet. Frå venstre Henny Bergeland, Lene Karin Egeland Kyllesø, Aud Ullestad og Anita Husøy Riskedal.

Til helga er komiteen for Viglesdalsløpet klare til å senda folk av garde på den 14 kilometer lange turen til Viglesdalen endå ein gong.

DEL

Turløpet frå Nes i Årdal til Viglesdalen og tilbake er i vinden etter å ha eksistert i ein halv mannsalder. I fjor var det 173 deltakarar på startstreken. Det var meir enn 70 fleire enn året før. 45 av dei 173 som deltok var med i løpsklassen. Dei andre gjekk den flotte turen langs Storånå, fossane og Viglesdalsvatnet.

– Det som gleda oss aller mest i fjor var at det var heile 70 nye namn på lista over deltakarar. Det lovar godt når så mange er med for første gong, seier Anita Husøy Riskedal i Hjelmeland IL sin komité for løpet.

– I fjor var Viglesdalsløpet inne på terminlistene for terrengløp for første gong. Det gjorde at me også fekk mange fleire, sterke løparar som deltok i løpsklassen, legg Lene Karin Egeland Kyllesø til.

Noko av spenninga med Viglesdalsløpet er om nokon klarer den tøffe timesgrensa. I fjor vann Tom Erik Halvorsen med tida 1.00,34. Tidlegare har Johnny Skår frå Jørpeland vore endå 15 sekund nærare. Hans bestetid på 1.00,19 står framleis.

– Me har som vanleg ein gjæv premie til førstemann under timen, seier arrangørane.

– Kva kan de elles lokka med om nokon vurderer å delta i Viglesdalsløpet?

– Fruktsuppe i Viglesdalen, lappar og kaffi på Nes og ein fin tur. Dei som ikkje har sett den nye turisthytta i Viglesdalen kan jo få gjort det i helga. Og så er det sjølvsagt lov å berre vera publikum i målområdet på Nes, seier kvinnene i komiteen.

Artikkeltags