Gå til sidens hovedinnhold

Villa Rosehagen stenger dørene i to veker: – Eg har ikkje sove i natt, fordi eg får vondt i magen av dette

Sonja Marie Hargaut har permittert tre av sju tilsette heilt eller delvis og måtte ta det tunge valet om å stenga dørene i 14 dagar. Ho er likevel ikkje uroa for framtida til verken kafeen i Vågabakken eller den nye restauranten i botnen av bakken.

For abonnenter

– Eg vil jo helst at det skal vera full rulle i huset, men å ha full oppvarming av huset, full varelevering og fullt mannskap på jobb med to-tre gjestar, det går ikkje, begynner kafedrivaren.

– I staden for å bruka pengane på noko usikkert, stenger me heller for å sikra framtida og arbeidsplassane. Folk er uroa og redde, det forstår eg, og me må også vera med på dugnaden for å få ned smitta, held ho fram.

Ho peikar likevel på at Villa Rosehagen opnar dørene igjen så fort som muleg.

– Målet er å få dei tilsette tilbake på jobb. Nå tar me bare ein timeout og kvesser knivane til våren og sommaren, slår Sonja Marie Hargaut fast.

I staden for å bruka pengane på noko usikkert, stenger me heller for å sikra framtida og arbeidsplassane.

Sonja Marie Hargaut, Villa Rosehagen-drivar

Per i dag er det sju fast tilsette i servicebedrifta. I tillegg jobbar seks ungdommar i helger og som tilkallingsvikarar.

Les også

Senze Lounge bar stenger dørene inntil videre: – Det sier seg selv

– Satsing i krisetid gav resultat

Våren 2020 hadde kafeen stengt i ein månad. Året sett under eitt gjekk likevel godt økonomisk.

– Me tok nokre viktige og riktige avgjerder i 2020. Me valde å bruka pengar på å byggja ut terrassane våre, og det var det vågale og kreative valet som sikra fjoråret, slår Hargaut fast.

– Me er så takknemlege og glade for at me held til i Strand og på Jørpeland, og for at folk ønskjer å koma til oss. Nå vel me å stola på magekjensla, som viste seg å vera rett i fjor, også i år, legg ho til.

Ho er bastant når ho seier at ho ikkje uroar seg for framtida til kafeen.

– Eg er ikkje uroa for framtida i det heile tatt. Eg trur det er mykje godt som kjem og eg trur på ein knallgod sommar.

Eg er ikkje uroa for framtida i det heile tatt. Eg trur det er mykje godt som kjem og eg trur på ein knallgod sommar.

Sonja Marie Hargaut, Villa Rosehagen-drivar

Ho er også optimistisk med tanke på den nye restauranten ho startar opp i kraftstasjonen i Jørpelandsvågen til våren.

Les også

Sonja opnar ny restaurant i eit 108 år gammalt bygg: – Eg har veldig trua på dette

– 2020 var krevande

Når dørene er stengde blir tida brukt på å rydda vekk julepynt, på vareteljing og kanskje skal dei også endra litt i kafeen for å gjera den meir tilpassa den annleis drifta koronasituasjonen krev.

Sjølv om ho er optimist legg ho ikkje skjul på at fjoråret var krevande og at starten på 2021 også har ført til at ho har måtta ta vanskelege avgjerder.

– Eg har ikkje sove i natt, fordi eg fekk så vondt i magen av at eg må permittera og stenga dørene. Det er jo det siste eg vil, slår Sonja Hargaut fast.

– Det har også vore krevande å måtta tenka kreativt og vera vågal og klar til å omstilla seg heile tida gjennom heile fjoråret, fortset ho.

Det har vore krevande å måtta tenka kreativt og vera vågal og klar til å omstilla seg heile tida gjennom heile fjoråret.

Sonja Marie Hargaut, Villa Rosehagen-drivar

Ho håper det kan koma statlege støtteordningar som også hjelper mindre bedrifter, som Villa Rosehagen, i ei ein krisesituasjon som pandemien påfører servicebedriftene.

– Eg håper det kjem ordningar som ikkje bare er til gode for Petter Stordalen og dei store kjedene. Det er per i dag ingen ordningar for oss som er små, peikar ho på.

Les også

Klar beskjed frå serveringssteder og butikker på Jørpeland: – Bruk oss! Det er trygt

Les også

Verkshotellet på Jørpeland samarbeider med andre lokale servicebedrifter: – Me må gjera kvarandre gode

Kommentarer til denne saken